Foto: Knut Gartland

Kommunar og villreinnemnder kan frå i år sende vedlegg saman med fellingsløyvet via Hjorteviltregisteret.

MILJØDIREKTORATET

Kvart år sender kommunar og villreinnemnder ut fellingsløyve til ca. 15 000 vald. Kommunen og villreinnemnda kan sende desse automatisk frå Hjorteviltregisteret, og nytt frå 2022 er at vedlegg kan sendast ut saman fellingsløyvet.

Dette forenklar informasjonsflyten, då vedlegget berre treng å lastast opp ein gong sjølv om det skal sendast til fleire hundre vald.

Frist for å sende ut fellingsløyve er 15. juni.

Korleis sende vedlegg?

Kommunen eller villreinnemnda kan sende eitt eller fleire vedlegg saman med fellingsløyvet frå Hjorteviltregisteret. Vedlegget må vere PDF, og du lastar opp vedlegget samtidig som du godkjenner og sender ut fellingsløyvet.

Godkjenn fellingsløyve elektronisk

Kommunen og villreinnemnda kan godkjenne fellingsløyva elektronisk i Hjorteviltregisteret, og slepper dermed å skrive under kvart skjema før utsending. Du kan også sende ut fellingsløyva automatisk via Hjorteviltregisteret, som då blir sende på e-post til valdsansvarleg.

Alle fellingsløyve blir registrerte i Hjorteviltregisteret.

Sjå Miljødirektoratets rettleiar for tildeling av fellingsløyve her:

Veileder: Tildele fellingstillatelse til elg, hjort og rådyr

Kommunen kan gi fellingstillatelse for elg, hjort og rådyr, forutsatt at området jakta skal foregå i er godkjent som vald.

ANBEFALT FOR DEG