Foto: John Linnell / NINA.

Miljødirektoratet og Mattilsynet har fått første del av bestillinga om «Genetisk levedyktig bestand på Hardangervidda».

MILJØDIREKTORATET

Leveransen er ein del av kunnskapsgrunnlaget for den vidare forvaltninga av villrein på Hardangervidda. 

I notatet gjer gruppa greie for arbeidet med å evaluere den genetiske overlevingsevna til villreinbestanden på Hardangervidda, og dei genetiske konsekvensane av ein bestandsreduksjon som verktøy for å handtere skrantesjuke.

Last ned notatet her:

Samla rapport kjem i juli

Del to av leveransen omfattar ein grundigare genetisk analyse med heilgenomsekvensering, og kjem i byrjinga av juli. Dei to delane vil då givast ut som ein samla rapport.

Les meir om arbeidsgruppa som jobbar med vidare forvaltninga av villrein på Hardangervidda her:

ANBEFALT FOR DEG