søndag, desember 8, 2024

Ønskjer frisk villrein tilbake i Nordfjella

Villrein i Nordfjella sone 2 er et av alternativene for reetablering i sone 1.
Foto: SNO

Mattilsynet og Miljødirektoratet har levert tilrådinga om korleis reetableringa av villreinen i Nordfjella sone 1 bør skje.

– Det har heile tida vore ein føresetnad at villrein skulle tilbake i Nordfjella sone 1. Dette er viktig for å ta vare på villreinen som nasjonal , og ikkje minst for identitet, kultur og jakttradisjon lokalt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Villreinstammen i Nordfjella sone 1 vart vinteren 2017/2018 teke ut med mål om å utrydde skrantesjuke.

Mattilsynet og Miljødirektoratet har no revidert planen for korleis ein ny villreinbestand skal kunne etablerast i området.

Tilrådinga er sett i lys av ny kunnskap og funna av skrantesjuke på Hardangervidda og etter innspel frå arbeidsgruppa som har levert sine råd.

Tilrådinga vart levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet 2. desember.

Rein i nærområda må friskmeldast

Direktorata tilrår at Nordfjella sone 1 blir reetablert når nabobestandane er friskmelde og brakkleggingsperioden er over. Det vil seie at tidspunktet for oppstart av reetablering avheng av når villrein i Nordfjella sone 2 og Raudafjell og tamrein i Filefjell blir friskmelde, noko som tidlegast vil skje i perioden 2024-2026. I tillegg vil det ta tid å byggje opp kjeldebestanden slik at eit tilstrekkeleg tal dyr kan overførast til Nordfjella sone 1.

Det er viktig at det ikkje blir gjeninnført smitte i området. Begge direktorata meiner at fleire alternative kjeldebestandar må vurderast.

– Vi er tydelege på at dyra som skal setjast inn i Nordfjella sone 1 må komme frå ein friskmeld , og at fleire alternativ må vurderast. Me er opptekne av å sikre god dyrevelferd i reetableringsprosessen og redusere belastninga på dyra som igjen skal danne villreinstammen i Nordfjella, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Miljødirektoratet tilrår å bruke villrein frå Nordfjella sone 2 som førsteval i reetableringa, og at dei alternative kjeldebestandane må vere regna som ville bestandar.

Ein stor del av både simler og bukkar bør merkast med GPS-sendarar for å ha kontroll på at dyra held seg i sone 1 etter innsetjing. Dyra som blir merka vil testast for skrantesjuke og om dei har gunstige gen for å vere motstandsdyktige mot skrantesjukeprion. Mattilsynet meiner at flest mogleg av alle rein som blir sett inn i Nordfjella sone 1 skal ha slike gunstige genar.

Last ned tilrådinga her.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler