lørdag, februar 24, 2024

Utvidar jakttida på villrein, elg og hjort

Foto: Pixabay

Som eit ledd i arbeidet med å kjempe mot skrantesjuke i Noreg har Miljødirektoratet utvida jakttidene for villrein, elg og hjort i enkelte område.

MILJØDIREKTORATET

Miljødirektoratet har fastsett jaktstart den 15. august for villrein i Hardangervidda villreinområde sør for riksveg 7. Endringa gjeld for jaktsesongane 2022/2023 og 2023/2024.

Jakttida for elg og hjort er fastsett til 15. august-31. januar for kommunane Eidfjord, Ulvik, Aurland, Lærdal, Årdal, Ullensvang, Voss, Hemsedal, Ål, Hol, Gol, Nesbyen, Rollag, Nore og Uvdal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Vang, Vinje, Tinn, Bykle og Suldal.

Dette er kommunar som ligg i eller nært Nordfjella og Hardangervidda villreinområde kor klassisk skrantesjuke er funne. Utvidinga gjeld for jaktsesongane 2022/2023, 2023/2024 og 2024/2025. Bruk av laus hund under jakt på elg og hjort blir ikkje tillaten i periodane 15. august-31. august og 1. januar-31. januar.

Vil redusere risiko for skrantesjuke-smitte

Formålet med utvida jakttid er å auke uttaket av hjortevilt, og dermed redusere risikoen for å spreie skrantesjuke til andre artar eller område.

Forslaget har vore på høyring, og alle innspela kan lastast ned frå Miljødirektoratets høyringssider.

Forskrifta blir publisert i Lovdata innan kort tid.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler