fredag, mars 29, 2024

VÅGÅ FJELLSTYRE STOPPAR RYPEJAKTA FRÅ 30. SEPTEMBER OG UT SESONGEN 2021/22

Foto: Pixabay

Vågå fjellstyre har i sak 30/21 vedteke å stoppe jakta på både lirype og fjellrype frå og med 30.09 og ut sesongen 2021/22.

VÅGÅ FJELLSTYRE

Bakgrunnen for dette er bestandsmessige forhold, dvs. at vi nå etter dei fyrste dagane av jakta, med enno større sikkerheit enn før jaktstart kan seie at årets produksjon generelt er dårleg. Fjellstyret meiner det difor er viktig å stoppe jakta nå for å sikre at det blir tilstrekkeleg med stamfugl for neste års produksjon.

Jakt på andre artar/ vidare kortsalg: Jakt på dei andre småviltartane som det er opna for jakt på går som tidlegare vedteke. Det vil difor bli fritt kortsal for utanbygds utan hund frå 30.09, og det frie kortsalet for innanbygds utan hund går og som vanleg, men jaktkortet opnar altså ikkje for jakt på rype. Det same gjeld innanbygds med hund, løyst jaktkort vil for desse også gjelde for trening med fuglehund på rype i heile statsallmenningen.

Tilbakebetaling: Utanbygds jegerar utan hund som allereie har løyst kort frå 30.09 (før vedtaket om freding av rypa vart gjort), kan få tilbakebetalt kortprisen dersom dei ikkje ynskjer å nytte kortet. Jegerar som ynskjer tilbakebetaling må ta kontakt med Vågå fjellstyre på e-post: erik.myrum@fjellstyrene.no . Det vil elles ikkje bli tilbakebetaling for dei som har løyst kort og har hatt moglegheit til å jakte frå før fredingsvedtaket (Jaktkortet er fortsatt gyldig for andre artar, og evt. som treningskort).

Slik som situasjonen er vil det ikkje bli opna for eit avgrensa dagskortsal for utanbygds jegerar med fuglehund seinare i haust. Det kan bli aktuelt å opne for eit tilbod om trening med fuglehund på rype og for utanbygds, det vil i tilfelle bli informert om dette her på heimesida.

For meir utfyllande opplysningar, og for å sjå vurderingane som ligg til grunn for vedtaket er fjellstyresaka lagt ut du finn ho her: Sak 30/21 Spørsmål om å stoppe jakta på rype.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Vennligst skriv inn din kommentar!
Vennligst skriv inn navnet ditt her

- Advertisement -

Siste artikkler