torsdag, mars 20, 2025

Fugleinfluensa hos villfugl i Norge

Foto: Pixabay

Det er påvist sterkt sjukdomsframkallande (høgpatogen) fugleinfluensa hos en rekke fuglearter på fleire steder i Norge i 2022, inkludert Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Om sjukdommen

Fugleinfluensa er ein smittsam virussjukdom hos fuglar som også kan smitte til andre dyreartar. Ulike variantar av fugleinfluensavirus fører til sjukdom av forskjellig alvorsgrad. Fugleinfluensa smitter svært lett via avføring eller dråpesmitte frå øvre luftvegar som blir tatt opp gjennom nebbet eller pusta inn. Fjørfe som går ute, er mest utsett for smitte frå villfugl. Fjørfe som blir haldt inne kan bli smitta ved at viruset passivt følger med menneske, fôr eller utstyr, eller aktivt ved skadedyr som slepp inn.

Kan sjukdommen smitte til menneske?

Fugleinfluensa smitter svært sjeldan frå fugl til menneske, kun ved svært nær kontakt med sjuke eller døde fuglar. Sjukdommen smitter ikkje til menneske via mat eller drikkevatn. Menneske som blir smitta kan få alvorleg sjukdom. Les meir hos Folkehelseinstituttet

Registrering av fjørfehald

Dersom du driv med høner eller andre fuglar, skal du registrere dette hos Mattilsynet. Dette kravet gjeld no heile tida, uavhengig av fugleinfluensa. Les meir hos Mattilsynet

Meld frå til Mattilsynet om døde og/eller sjuke fuglar

Mattilsynet oppfordrar at du melder ifrå om du har oppdaga døde eller sjuke fuglar av typen: ender, gjæser, svaner, vadefuglar, måker, kråkefuglar og rovfugl. Du kan kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00. Av omsyn til smittefare skal ein unngå å kome i fysisk kontakt med sjuke og/eller døde fuglar.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler