onsdag, juni 12, 2024

Gjer deg klar for jakta 2022

Over 130 000 jegerar har betalt jegeravgifta for jaktåret 2022/2023 så langt. Foto: Wenche Offerdal

Skal du på jakt i år? Då må du hugse å betale jegeravgifta og ha dokumentasjonen i orden. Dette fiksar du raskt og enkelt digitalt på Mi jegerside.

MILJØDIREKTORATET

Alle som skal utøve jakt, felling eller fangst i Noreg, må betale jegeravgift til staten.

Så langt har over 130 000 jegerar betalt jegeravgifta for jaktåret 2022/2023. Viss du ikkje har gjort det endå, kan du enkelt betale på Mi jegerside:

Jegeravgiftskortet er digitalt

Du skal alltid ha med deg gyldig jegeravgiftsskort under jakt, lisensfelling og fangst. Jegeravgiftskortet er digitalt og blir tilgjengeleg etter betaling både på Mi jegerside og i appen Min jegerdokumentasjon.

Jegeravgiftskortet kan også lastast ned som PDF, bli lagra på telefonen eller du kan skrive det ut.

Ved ein eventuell kontroll les oppsynet av QR-koden på kortet og får stadfesta opplysningane dine i Jegerregisteret.

Les meir om dokumentasjonen du må ha med på jakt her:

Bruk Sett og skutt på hjorteviltjakt

Skal du jakte elg, hjort, rådyr eller villrein, må du hugse å rapportere i Sett og skutt. Jaktar du villrein eller rådyr, skal du som jeger rapportere alle dyr du skyt i Sett og skutt. For jakt på elg og hjort, rapporterer jaktleiar både sette og skotne dyr i Sett og skoten.

Kom i gang med Sett og skutt her:

Data frå Sett og skutt blir overført til Hjorteviltregisteret. Som jeger kan du også logge deg inn i Hjorteviltregisteret og sjå dine sette og felte dyr der. Valdsansvarleg kan sjå alle registreringar på valdet han eller ho er ansvarleg for.

Hugs nye jakttider

Ny forskrift om jakt- og fangsttider tredde i kraft 1. april 2022. Dei fleste jakttidene er dei same som før, men for blant anna storskarv er jakttida endra.

Finn alle jakttidene i Miljødirektoratets rettleiar:

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler