onsdag, desember 4, 2024

Rekordmange fjellrevkull i Noreg, Sverige og Finland

Fjellrevkvalpar på Varangerhalvøya, der talet på kvalpar er nesten tredobla samanlikna med i fjor.|Foto: Statens naturoppsyn, viltkamera

Med 164 kvalpekull vart 2022 eit jubelår for fjellreven i Noreg, Sverige og Finland. No vil landa samarbeide om ein fornya handlingsplan for fjellrev.

MILJØDIREKTORATET

– Det er sett i verk mange tiltak for å byggje opp fjellrevbestanden i både Noreg, Sverige og Finland, og det er gledeleg å sjå at dei gir resultat. For å snu den negative utviklinga for trua artar treng vi innsats lokalt, men også koordinering og forpliktingar på tvers av landegrenser, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Den endelege oppteljinga av årets norske fjellrevkull er klar, og viser ei klar toppnotering på 72 kull i 2022. Samla sett for Fennoskandia vart det eit rekordår med 164 kull totalt – 91 kull i Sverige og eitt kull i Finland. Kullet i Finland er det første sidan 1996.

Bestandane av fjellrev ligg langs den skandinaviske fjellkjeda, og mange av delbestandane er grenseoverskridande. Alle tre landa gjer tiltak for å betre situasjonen for fjellrev, og Noreg og Sverige har hatt ein felles handlingsplan sidan 2017.

– Dette er ei god nyheit for arbeidet med naturmangfald i Noreg, og det viser at politikk fungerer. Fjellreven er ei solid suksesshistorie for god, norsk miljøforvaltning over lang tid. Resultata gir inspirasjon for å halde fram med å styrkje arbeidet for natur og trua artar. Men det er viktig å hugse på at sjølv om det no går betre med fjellreven i Noreg er det mange andre artar og mykje natur som slit på grunn av klimaendringane, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.  

– Det er på sin plass å takke alle som har jobba hardt i mange år, i felt og andre stader, for desse resultata og for fjellreven. Det er spennande å sjå at prosjektet også no får nordisk merksemd, seier Eide

Ulik utvikling i ulike delar av Noreg

Årets overvakingsrapport viser at situasjonen for den sterkt trua fjellreven i Noreg er samansett, med litt ulik utvikling i ulike regionar.

 I Nord-Noreg har situasjonen vore kritisk, men no har utviklinga snudd. Etter fleire år med tiltak og kvalpeutsetjingar ser me no ei positiv utvikling i Nord-Noreg, med blant anna 12 kvalpekull på Varangerhalvøya, og meir aktivitet av fjellrev på hi i Indre Troms, i Nord-Sverige og i Finland.

I Midt-Noreg er det ein liten nedgang i Snøhetta-bestanden. I delar av området testar vi no ut stans av støtteforingen, noko som gjer fjellrevane meir avhengig av smågnagarar. Sidan det ikkje vart eit like stort smågnagarår i 2022 som forventa, ser bestanden ut til å gå sakte tilbake. Dette viser kor viktig dei økologiske føresetnadene er for at bestanden skal klare seg sjølv.

I Noreg er det Norsk institutt for naturforsking (NINA) som koordinerer overvakinga av fjellrev på oppdrag frå Miljødirektoratet. Statens naturoppsyn samlar inn data i felt.

Sjå årets overvåkingsrapport her:

Får fornya handlingsplan

Miljødirektoratet har i år evaluert handlingsplanen for fjellrev for 2017-2021. Dei fleste planlagde tiltaka er gjennomførte, og dette har ført til at bestanden har vakse. Dei viktigaste tiltaka har vore avl og utsetjing av kvalpar, støtteforing og kunnskapsutvikling.

I 2022 er det estimert 559 vaksne fjellrevar i Skandinavia, noko som er gode resultat set opp mot det langsiktige målet om 1000 vaksne fjellrevar i Skandinavia innan 2035.

Sjå evalueringa her:

Noreg og Sverige vil føre vidare handlingsplanen for fjellrev i fem nye år, og Finland blir no med som ein formell part i handlingsplanen.

Styresmaktene i dei tre landa skal utarbeide nye delmål og vurdere om det er behov for å justere tiltaka. Det vil bli mogleg å komme med innspel til tiltakslista når den reviderte handlingsplanen blir send på høyring.

– Fjellrevbestanden har tidobla seg dei siste tjue åra. Med dei gode resultata så langt, meiner me at det er fornuftig å halde fram bevaringsarbeidet. Samtidig er det på tide å planleggje for korleis tiltaka skal avsluttast og søkje svar på om fjellreven har overlevingsevne i Noreg på lang sikt, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Framleis store utfordringar for fjellreven

Sjølv om tiltaka fungerer og fjellrevane blir fleire, har den sterkt trua arten framleis mange utfordringar.

Bestandane er framleis små og oppdelte. Arealet med høgfjell krympar, og me ser endringar i både temperatur, nedbør, vegetasjon og artssamansetning i fjellet som følgje av klimaendringane. Risikoen aukar for nye sjukdommar og parasittar.

Også andre menneskeskapte endringar i høgfjellet som nedbygging, påverknad på bestandsstorleiken av andre viltartar og auka menneskeleg aktivitet kan ha mykje å seie for om bevaringsarbeidet vil lykkast på sikt.

Miljødirektoratet ønskjer meir kunnskap om dette, og vil komme med ei fagleg vurdering av den framtidige overlevingsevna til fjellreven utan støttetiltak, seinast innan utgangen av den neste handlingsplanen i 2027.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler