Tekst, film og foto av Marius Monrad,

Den 12. juli er alltid ein spesiell dag i min kalender. Då er eg pakka og klar til å reise til Danmark på bukkejakt. Den danske bukkejakta startar 16. mai, og sluttar 15. Juli, rett før brunsten tek til for alvor.
Området me jaktar på heiter Ny Vraa, og ligg nord i Ålborg kommune, ein halvtimes tid sør for Hirtshals, og på begge sidar av motorvegen. Ny Vraa drivast av familien Bach, som driv produksjon av piletrær både til bioenergi, fletting og pileekstrakt til helseprodukter gjennom selskapa Ny Vraa bioenergi og Salixin.
Ingen unntak i år, men på grunn av coronakrav reiste eg ned ein dag før, og skulle bli eit par dagar lenger og finne på andre ting. Turen gjekk fint, og eg kom meg på plass, fekk skote nokre pilar og gjort meg klar. Eg skulle jakte med tre danske kameratar som alle er godt kjent frå tidlegare. Når jaktforma er posteringsjakt, er det mykje tid til sosialt samvær mellom øktene.
Fyrste postering skulle foregå i «Bøgen», eit stort bøketre på eigedomens einaste bøkeskogflekk. Kvelden gjekk roleg forbi, utan rådyrobservasjonar. Men det er jo noko spesielt med buejakt då. Iløpet av kvelden hadde eg både hare og fasan innanfor fire meter! Det er desse opplevingane mellom kvar gong det «skjer noko» som er så spesielle. Sidan me må sitte så stille som me må med bua, så får me også veldig mykje vilt tett innpå.
Gjennom heile opphaldet får me vere nære på viltet. Rådyrkje som testar mors tolmod ved å stikke avgarde på eigenhand, og uvitande plutseleg befinne seg i fanget til ein rørt buejeger med hjarter i auga, revar som er på jakt etter neste vånd, eller rett og slett harer og fugl som driv med sine ting rett i nærleiken. Det var også mykje hjort på terrenget denne gonga, og eg hadde besøk av ein liten flokk kronhind og kalv inni ei tette rett ved meg.
Det er stor variasjon frå år til år kor mykje aktivitet det er. Og det verkar til å vere avgjerande korleis me treff i førehald til brunsten. I 2018 traff me perfekt og skaut 8 bukkar. Underteikna fekk tre av dei, og den turen gløymast aldri. I 2019 var det totalt dødt, og me skaut berre eit par dyr. Eg fekk ein spissbukk andre morgonen. I år var det sånn heilt passe med aktivitet, men lite bukkeaktivitet. Det var stort sett eldre bukkar som var ute og gjekk, og dei har vore på buejakt før, og veit nøyaktig kva dei ser etter. Men på fire mann fekk me to dyr, og det er fin uttelling med bue!
Det var andre morgonen som vart den store for denne turen. Me kom på plass rett kring soloppgang (ikkje lov å skyte før soloppgang eller etter solnedgang i DK). Umiddelbart begynte det å tikke inn meldingar på messenger-gruppa vår om dyr sett her og der. Når me hadde satt nokre minutts tid kom der melding ifrå Bjarke, den eine dansken. «Bingo!» stod det.

Der var kome ut ein gaffelbukk foran tårnet hans på andre sida av terrenget, som hadde fått ei perfekt dobbel lunge-pil. Me var i gang! Det gjekk kanskje ein halvtimes tid forbi med fuglekvitter og akkurat kald nok vind til at tida gjekk seint, før det plutseleg begynte å skje ting.
Ut av det blå kom der ei geit busande ut av pilekrattet på ca 30m. Ho kom ut i vinden min, og var vekk like raskt. Ho verka veldig stressa når ho kom ut, så eg sat nokre minutt med følelsen av at her var det noko på gang. Etter fem kalde minutt bestemte eg meg for å gjere noko eg aldri gjer på buejakt, å ta eit par pip i lokken.
Lokking funkar jo fint på rådyr gjennom store delar av sesongen, og særleg i brunsten, men med bue er ein avhengig av dyr som er rolige og som ikkje er på intens utkikk etter rivaler. Men det skjedde no då. «Pi…. Piiiæ…»
Umiddelbart etter siste tone hadde lagt seg, stakk det eit hovude ut av pila. BUKK! Eg såg heilt tydeleg at det var ein bukk, meir trong eg ikkje få bekrefta akkurat der og då. Eg var på min fyrste buejakt med videokamera, og hadde nok å gjere før det eventuelt kunne bli ein skotsjanse. Eg fekk i gang kameraet, og filma medan bukken begynte å gå roleg oppover grassporet mot meg.
Han var som forventa veldig observant, der han skritta bestemt oppover mot meg. 25m, 20m, 15m, og så ut på 12m med breiside. Det at han var så på vakt gjorde det heilt uaktuelt å tenke på å trekke bua og komme til skot. Det hadde han sett. Då handlar det om å vente og sjå om han roar seg. Heldigvis slo han seg til ro og begynte å beite.

Eg stod opp i tårnet, trakk bua og kom til fullt opptrekk. Bukken stod no ei aning skrått imot, men ikkje alt for mykje. Siktenåla låg i ro rett bak vinkelen i bogbeinet, trykket på avtrekkaren auka, og stillheta vart brote av klasket frå den mekaniske jaktspissen som opnar seg mot ribbein.
Bukken teikna for skotet med det klassiske hoppet, og fekk eit utras på kring 20m før det heile var over. Bukken velta over ende 18m unna tårnkanten, og beina mine gav fullstendig etter under meg. Alt hadde skjedd relativt raskt. Det hadde gått frå null til hundre på nokre få sekund, og alle kjenslene traff meg som ein sementsekk frå oven. Det er rart med det, på riflejakt får eg gjerne bukkefeberen når situasjonen er der, og det ligg an til å lukkast, medan på buejakt er eg heilt kald og roleg fram til pila har forlatt strengen. Der kjem feberen fyrst etter skotet.
Eg sat meg og fekk roa nervane, før eg pakka saman og klatra ned. Vel nede gjekk eg rett bort til lyset frå pilnocken, og undersøkte pil og alle tre fjøra. Lyst og fint lungeblod, og med eit hint av grønt på den eine fjøra, akkurat som mistenkt på grunn av den skrå vinkelen. Eg visste nøyaktig kor bukken låg, så eg kasta ikkje vekk noko tid. Vel framme ved bukken fekk eg sjå treffet. Pila var velplassert. Begge lungane, bakkant av hjartet og levera var øydelagd, og det eine bladet på spissen hadde snitta vomma så vidt på veg ut. Pila stod planta 30cm ned i bakken bak bukken.

No var det berre å kome seg til garden og få slakta! Vel framme i slaktehuset vart eg møtt av Bjarke, som var i gang med sin bukk. Me fann ut av at me hadde mykje å feire. Dette var hans 30. buerådyr, mitt 10. buerådyr og det var det tredje året på rad som eg hadde felt bukk på morgonen den 13. Juli.
Resten av turen gjekk forbi med fleire «nesten» for heile gjengen. Det er slik det er med jakt, og særleg buejakt! Sju økter går fort når det er eit yrande dyreliv kring ein. Eg er takksam for å vere ein av dei som kan drive med denne jaktforma, og eg kan ikkje vente med å kome tilbake i November!