
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen legg i dag fram tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde. Målet er å snu den negative utviklinga og betre tilstanden til villreinen.
– Villreinen på Hardangervidda er hardt pressa frå stadig meir menneskeleg aktivitet. Vegar, stiar, hytter og motorferdsel held villreinen vekk frå viktige område for villreinen. Dette er me nøydde til å ta tak i, dersom vi skal ha ein levedyktig bestand på vidda også i framtida, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Tiltaka i planen handlar mellom anna om å kanalisere ferdsel og trafikk gjennom regulering av ferdsel på vegar, samordning og reduksjon av helikoptertrafikk og annan motorferdsel, og fjerning av stigar og turisthytter på vidda.
Vidare handlar tiltaka om høg terskel for nye arealinngrep i villreinfjellet og oppdatering av arealplanar. Tiltaksplanen legg vekt på å reetablere passasjar villreinen har brukt tidlegare og ta vare på dei trekkpassasjane villreinen bruker i dag.
Tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde(Link)
Det har i arbeidet med tiltaksplanen vore lagt stor vekt på brei involvering av kommunar, fylkeskommunar og andre råka aktørar, mellom anna gjennom fleire folkemøte og fleire møte med kommunane rundt Hardangervidda.
– Innsatsen for villreinen er vårt felles ansvar. Gode innspel har styrkt planen, og det er brei semje om å ta vare på villreinen på Hardangervidda. Samtidig er ikkje dette berre enkle tiltak, og eg har stor forståing for at det er fleire interesser som blir påverka av den nye planen. No startar gjennomføringa av nødvendige tiltak, og eg ser fram til vidare samarbeid med lokale styresmakter og andre aktørar, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.


















