onsdag, juni 12, 2024

Jegerprøveeksamen er no ein app

Du kan laste ned appen Jegeprøveeksamen frå App Store og Google Play. Illustrasjon: Miljødirektoratet

Etter 10 år med elektronisk jegerprøveeksamen, skal deltakarane no gjennomføre eksamen i den nye appen Jegerprøveeksamen.

– Med den nye appen blir det endå enklare for kommunane å arrangere jegerprøveeksamen, som sikrar at dei nye jegerane har fått opplæringa dei treng for å kunne jakte på ein sikker og human måte. I tillegg blir det enklare for dei som skal ta eksamen, sidan alt dei treng ligg i appen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Jegerprøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. I 2022 var det 12 500 nye jegerar som bestod jegerprøveeksamen i Noreg.

Enklare for kommunane

Det er kommunane som arrangerer jegerprøveeksamen. Dei siste åra har det vore utfordrande for mange kommunar å gi tilgang til klasseromssett med PC-ar. Mange stader finst det ikkje kursrom eller datasalar lenger, og i skulen har dei fleste elevane eige nettbrett eller PC.

Med den nye appen vil deltakarane gjennomføre jegerprøveeksamen med sin eigen mobil eller nettbrett. Det vil gjere gjennomføringa av jegerprøveeksamen enklare og meir effektivt for kommunane.

Sjå rettleiing til korleis kommunane skal bruke den nye løysinga her:

Ei meir brukarvennleg løysing for deltakarane

Miljødirektoratet har lagt vekt på å lage ei brukarvennleg løysing for deltakarane. Når dei startar på jegerprøvekurs, lastar dei ned appen Jegerprøveeksamen frå Google Play eller App Store.

I appen har deltakarane alt dei treng for å gjennomføre jegerprøva. I appen skal deltakarane

  • registrere seg til jegerprøveeksamen
  • betale eksamensgebyret på 360 kr med kort eller Vipps
  • følgje progresjonen i kurset ved å sjå oppmøte til dei obligatoriske samlingane
  • laste ned kursbevis når kurset er ferdig
  • gjennomføre eksamen ved oppmøte hos kommunen
  • sjå resultatet på eksamen og laste ned diplom ved bestått eksamen

Les meir om jegerprøveeksamen her:

 

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler