mandag, oktober 7, 2024

Tiltaksplan for Snøhetta villreinområde

Villrein i Gravdalen, foto Asbjørn Børset

Statsforvalteren i Trøndelag la fram forslag til tiltaksplan for Snøhetta villreinområde 1. desember 2023. 

Prosjektgruppa foreslår ei rekke kraftfulle tiltak som kan betre tilstanden for den internasjonalt viktige villreinstamma i Dovre- og Sunndalsfjella. Tiltaksplanen skal inngå i regjeringa sitt arbeid med ny stortingsmelding for villrein.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har deltatt i arbeidet med planen. 

I oversendingsbrevet til Miljødirektoratet løftar Statsforvaltaren i Trøndelag fram nokre av dei mest verknadsfulle tiltaka med nokre nærare vurderingar. Dette er også tiltak som kan få positive effektar for den genetiske variasjonen, for landskapsøkologiske samanhengar, og som tar omsyn til klimatilpassing ved at villreinen får tilgang på store nok område:

  • Legge E6 og jernbana over Dovre i tunnel mellom villreinområde
  • Sanering av delar av Aursjøvegen
  • Ferdselsreguleringer på Hjerkinnplatået og i Torbuhalsen
  • Vurdere moskusen si framtid i villreinområdet
  • Stenging av Reinheim og Snøheim turisthytter og Snøheimvegen
  • Strengare arealpolitikk, med statlege planbestemmingar og planvask

Prosjektgruppa har drøfta grundig forstyrringane moskusbesøkande gir for villrein på Hjerkinnplatået og koplinga til forslag om å innføre restriksjonar på allmenn ferdsel i store område. Moskus er ein framand, innført art, og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har for sin del vurdert at verdien av allemannsretten for lokalbefolkning og besøkande bør vege tyngre enn omsynet til å behalde moskus som ein turistattraksjon. Denne avveginga ligg det no til regjeringa å gjere.

Torbuhalsen og Aursjøvegen er det viktigaste fokusområdet i Møre og Romsdal. Direkte regulering av menneskeleg trafikk i dette området er nødvendig for å oppnå betre vandringsforhold for villreinen mellom Snøhetta aust og vest. Tilgang på leveområde er den største enkeltfaktoren som må på plass for å oppnå tilstrekkeleg kvalitet for Snøhetta villreinområde. Dette er særleg viktig når klimaet er i endring.

HER kan du lese mer om tiltaksplanen.

ANBEFALT FOR DEG

Relevant

- Advertisement -

Siste artikkler